Til forsiden Kontakt oss
  Forside > Tjenester > Aktuelle prosjekter

 

Nytt vassverk for Dale og Stanghelle

Ny vassforsyning til Dale vart teken i bruk i juni 2001. Stanghelle er planlagt forsynt sumaren 2003. Grunnvatn i lausmassar på Dalegarden er ny vasskjelde.

MÅLSETTING: Ny og betre vassforsyning til Dale og Stanghelle !

Vasskjelde
Etter omfattande kartlegging vart grunnvatn i lausmassar valt som ny vasskjelde for Dale og Stanghelle. Grunnvatn som vasskjelde vart valt mellom anna fordi:
  • Vasskvaliteten er særs god.
  • Vatnet gjennomgår ein naturleg reinseprosess i jordsmonnet.
  • Grunnvatn gjev ei ekstra trygging mot akutt ureining.
  • Ein unngår kostbar reinsing.

    Det er etablert tre grunnvass-brønnar i lausmasse ved Daleelva på Dalegarden.

    Grunnvatnet vert tatt inn i brønnane på 9 -14 m djupne.


    Vasshandsaming
    Frå brønnane pumpast vatnet fram til vassbehandlingsanlegget på Dalegarden. Vatnet vert her behandla i to trinn med ulike formål:

    Trinn ein - alkalisering
    Vatnet vert lufta og filtrert gjennom finkorna marmor frå steinbrot på Nordmøre. Med dette oppnår ein å redusera surleiken på vatnet, gjere det mindre aggressivt, redusera innhaldet av jern og mangan, samt å auke innhaldet av oksygen i vatnet.

    Trinn to - desinfeksjon
    Vatnet vert bestråla med ultrafiolett lys. Dette vert gjort som ei ekstra sikring, ein har til no ikkje funne spor av bakteriar i grunnvatnet.

    Ein liten kuriositet:
    I mange land nær ekvator har ultra-fiolett lys frå sola vore nytta som kjelde til desinfeksjon heilt tilbake til det gamle Egypt og fram til no!

    Vassbehandlinga er med andre ord heilt fri for kjemikaliar.


    Transportsystem
    Frå Dalegarden vert vatnet pumpa til høgdebassenget på Nukjen og derifrå til BKK-Tippen (nytt). På BKK-Tippen er det òg etablert ny reservevassforsyning med uttak frå overføringstunnel.

    Stanghelle vassverk skal forsynast frå Dalegarden. For å få dette til skal det leggjast om lag 3 km med ny hovudvassleidning.

    Vassverket vert overvaka og styrt ved hjelp av eit nytt driftskontroll-anlegg og kommunikasjon med bruk av radio mellom anlegga.


    Nøkkeltal:
    Volum høgdebasseng:  1,2 mill. liter
    Kapasitet reintvatn:      108.000 liter/time
    Produksjon juni 2001:   50.000 liter/time
    Budsjettert kostnad:     22,40 mill. kr
    Tilskot frå staten:         5,68 mill. kr
    Tal personar tilknytt:     2 350

    Dei tre grunnvassbrønnane   Alkalisering
    Desinfeksjon   Driftsovervaking


    Kontakt oss, om du ønsker mer informasjon



  •  


      Kokstaddalen 23
    Postboks 16 Kokstad
    5863 BERGEN
      Tlf: 55 52 61 00
    Fax: 55 52 61 01
    sentral@garmann.no